søndag 17. mai 2015

Gud signe vårt dyre fedreland

Gud signe vårt dyre fedreland
 og lat det som hagen bløma
Lat lysa din fred frå fjell til strand 
og vetter for vårsol røma
Lat folket som brøder saman bu 
som kristne det kan seg søma 

Vårt heimland i mørker lenge låg
og vankunna ljoset gøymde
Men, Gud, du i nåde til oss såg
din kjærleik oss ikkje gløymde
Du sende ditt ord til Noregs fjell
og ljos over landet strøymde 

Vil Gud ikkje vera bygningsmann
me fåfengt på huset byggja 
Vil Gud ikkje verja by og land
kan vaktmann oss ikkje tryggja 
Så vakta oss, Gud, så me kan bu 
i heimen med fred og hyggja

No er det i Noreg atter dag 
med vårsol og song i skogen
Om sædet enn gror på ymist lag
det brydder då etter plogen
Så signe då Gud det gode såd 
til groren ein gong er mogen




Ingen kommentarer: